Dette er eit pedagogiske opplegg som knyter brynesteinsproduksjonen i Eidsborg opp til Telemarkskanalen. Opplegget inneheld ein powerpoint-presentasjon som læraren kan vise elevane.
Til presentasjonen høyrer det ein tekst, som læraren kan bruke for å sette elevane inn i emnet. I tillegg er det eit spørsmålsark og forslag til oppgåver.
Det er tenkt at skulane skal kunne gjennomføre opplegget på eiga hand, der muséet berre har ansvar for omvisinga i brynesteinsutstillinga.
Det pedagogiske opplegget er tenkt som eit heildagsopplegg i Eidsborg, pluss førebuingar på førehand i klassane. Ein kan sjå for seg strukturen i opplegget slik:
1. Arbeid på førehand ute på skulane:
a. Powerpointpresentasjon i klassen
b. Elevoppgåver, dramatiseringar, førebuingar til Eidsborgturen
2. Kort omvising i brynesteinsutstillinga i Eidsborg
3. Fottur med stopp i brynesteinsbrotet Brunåsli
a. Matpause
b. Svare på spørsmålsark
c. Framføringar
d. Konkurransar
Opplegget er laga ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg
| Klikk på symbolet for å laste ned dokumentene: | |||||
| Manus til Presentasjon |
Oppgaver til turen |
Presentasjon | Spørreark | Fasit | |
|
Tur til Brynesteinsbruddet
|
513 KB |
30 KB |
3.01 MB |
45 KB |
27 KB |






